Vi må rydde i helsetenesta
Kravet om raskast mogleg hjelp for alt, uavhengig av alvoret, er eit aukande problem.
Eg vil hevde noko som i utgangspunktet kan høyrast provoserande ut: Tilgangen til helsetenester må bli dårlegare. Ikkje for dei som verkeleg treng hjelp. Kreftpasientar skal få den beste behandlinga som finst der ute. Det skal framleis vere raud respons ved hjarteinfarkt . Slag skal utløysa blålys. Dei som fell ned frå stillaset og knekk ryggen, druknar eller får epileptiske krampar, dei skal sjølvsagt møtast med all den kompetansen og kapasiteten samfunnet kan stille opp med.
Men slik eg ser det, så må terskelen for svært mykje anna opp. Og det som ikkje høyrer heime i helsetenesta må vi rydde vekk.
Vi har over fleire tiår utvikla eit samfunn der stadig fleire sider av livet er blitt omgjort til medisinske spørsmål. Uro, sorg, skuffelsar, alminneleg slitasje, normale kroppslege variasjonar og kvardagslege bekymringar blir presenterte som problem som helsetenesta skal løyse. Ein tenåring som ikkje har det bra på skulen. Ein vaksen som mistrivst på jobb. Ta kontakt med fastlegen – så skal du få hjelp!
Kravet om raskast mogleg hjelp for alt, uavhengig av alvoret, er også eit aukande problem. Dei friske skal dessutan sjekkast i stadig større omfang, for å avkrefte sjukdom. Fastlegar druknar i konsultasjonar som aldri burde vore konsultasjonar. Pasientar krev rask tilgang til legevurdering for tilstandar som i praksis går over av seg sjølve. Helsetenesta er dessutan inngangen til alskens rettar, attesteringar og forsikringar.
Som svar på dette utvidar helsemyndigheitene tilbodet. Kommunar etablerer no nettlegetenester der du får time på dagen for enkle og ufarlege problemstillingar. Her skal det sitte ein høgt utdanna og godt betalt lege og svare ut spørsmål frå friske, oppegåande folk som synst det er for lang ventetid hos fastlegen. Folk som er for friske til å bli prioritert for akutt eller snarleg helsehjelp. Forstå det den som kan.
For første gong i livet gjekk eg nyleg opp på Akropolis i Athen. Mellom dei mest kjende ruinane der er restane av Asklepieion, tempelet til Asklepios, legekunstens gud. Asklepios var ein så dyktig lege at han etter kvart kunne vekkje dei døde til live. Herskaren over dødsriket, Hades, klaga - han fekk ikkje nok sjeler og verdsordenen kom i ubalanse. Zevs, på si side, frykta at det ikkje lenger var noko skilje mellom gudar og menneska. Derfor slo han til slutt Asklepios i hel med eit lyn.
Asklepios vart straffa fordi han lækja for godt. Han blei likevel opphøgd til guddom og dyrka som legekunstens gud. Og folk heldt fram med å valfarte til tempelet, med håp om lækjedom, lindring og trøyst i hundrevis av år etterpå. Det ligg ei påminning i denne forteljinga. Legekunsten skal hjelpe oss når vi verkeleg treng det. Men han kan ikkje fri oss frå dei grunnleggjande vilkåra ved å vere menneske.
I løpet av dei neste tiåra vil talet på eldre auke kraftig. Stadig fleire vil leve lenge med kroniske sjukdomar. Færre yngre, yrkesaktive skal finansiere og bemanne dei naudsynte tenestene. Dette er ikkje spekulasjonar. Demografien er ikkje ei meining. Han er eit faktum. Likevel oppfører vi oss som om kapasiteten i helsetenesta er endelaus.
Samtidig har andre samfunnsinstitusjonar blitt mykje svakare. Presten, sjelesørgjaren, naboen, familien og venene har i aukande grad overlate livets store og små problem til helsetenesta. Kanskje må dei i større grad på bana igjen? Ikkje fordi dei skal erstatte medisinen, men fordi mange problem ikkje er medisinske.
Ei av dei største utfordringane for helsetenesta dei neste tjue åra er, slik eg ser det, er ikkje å skaffe fleire pengar eller gjennomføre fleire reformer, men å byggje ned forventningar. Å setje grenser. Å hjelpe folk til å forstå kva helsetenesta er til for – og kva den ikkje er til for. Du behøver ikkje time hos legen med ein gong, det meste går over av seg sjølv. Det hastar ikkje å få hjelp for ufarlege problem, sjølv om dei kan vere plagsame. Du må tole å bli prioritert ned viss du ikkje feilar noko alvorleg. Og dersom du har vanskar som kan løysast av andre enn legen, prøv det først.
I sin berømte roman lét Miguel de Cervantes Don Quijote kjempe mot vindmøller. Eg fryktar at vi som ønskjer å redusere forventningane til helsetenesta står framfor ein liknande kamp. Folk likar rettane sine. Ingen vil ha mindre tilgang. Ingen ønskjer lengre ventetid. Og politikarane vil ikkje ta upopulære avgjersler. Før dei må.