Helsevesenet ber om oppgåvedeling – men held fast ved profesjonshierarkiet
Helsemyndigheitene bør greie ut ei nasjonal og offentleg forankra spesialistgodkjenning for fleire autoriserte helse- og sosialfaglege profesjonar. Ordninga må knytast til verna titlar, stillingskodar og definerte kliniske ansvarsområde.
Vi utdannar kliniske spesialistar som helsevesenet treng, men som systemet knapt har formelle ansvarsområde for. Det er dårleg bruk av knapp kompetanse.
Norsk helsevesen står framfor ei personellutfordring vi ikkje kan løyse berre ved å utdanne fleire. Helsepersonellkommisjonen har slått fast at talet på tilsette ikkje kan vekse i takt med behovet. Betre organisering, oppgåvedeling og rett bruk av kompetanse må vere ein del av løysinga.
Likevel held vi fast ved eit system som legg stor vekt på kva grunnutdanning den enkelte tok, og mindre vekt på kva klinisk kompetanse vedkomande har bygd etterpå. Helsevesenet etterlyser fleksibel bruk av personell, men manglar strukturar som kan omsetje avansert kompetanse hos fleire profesjonar til reelt ansvar.
Kompetanse utan formell plass
Eg er autorisert vernepleiar. Etter grunnutdanninga har eg teke mastergrad innan rus og psykisk helse, toårig vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi og toårig vidareutdanning i metakognitiv terapi. Eg er sertifisert behandlar og gruppeleiar i Bergen 4-dagarsbehandling, har fleire års klinisk erfaring frå psykisk helsevern og er godkjend av Fellesorganisasjonen (FO) som klinisk spesialist i psykisk helse.
I praksis arbeider eg sjølvstendig med utgreiing og behandling. Likevel er det grunnutdanninga som i stor grad avgjer korleis systemet kategoriserer meg. Spesialiseringa finst, men helsevesenet manglar ein eintydig måte å registrere og bruke henne på.
Det uformelle ansvarsvakuumet
I dag fell ein gjerne mellom to stolar. Eg har eit sjølvstendig ansvar for at helsehjelpa eg yter, er forsvarleg. Samstundes finst det ikkje eit nasjonalt rammeverk som definerer kva utvida klinisk ansvar spesialistkompetansen min kvalifiserer til. Grensene blir derfor ofte fastsette gjennom lokale ordningar, profesjonstilhøyrsle og individuell tillit, medan legar og psykologar får det overordna ansvaret for delar av behandlingsforløpet.
Dette skapar eit unødig personavhengig og sårbart system. For at kvardagen skal fungere, må det etablerast omfattande tillit mellom den kliniske spesialisten, kollegaene og leiinga. Slik tillit er nødvendig i alt samarbeid, men reell oppgåvedeling kan ikkje kvile på personleg tillit aleine. Kompetanse, fullmakter og ansvar må også vere tydeleg forankra i systemet.
Stadig fleire sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar tek mastergrad og kliniske vidareutdanningar. Profesjonsforeiningane har utvikla solide godkjenningsordningar. I FO er klinisk spesialist den høgaste godkjenninga, med strenge krav til utdanning, praksis og rettleiing.
Likevel er slike ordningar i hovudsak forankra hos foreiningane, ikkje helsemyndigheitene. Godkjenningane gir ikkje ein offentleg verna spesialisttittel, ein bestemt stillingskode eller eit definert klinisk ansvarsområde. Resultatet er at helsepersonell investerer år i spesialisering utan at systemet har ein klar kategori for kompetansen.
Oppgåvedeling må vere regulert
Dette er ikkje eit argument for at alle profesjonar skal gjere alt. Nokre oppgåver krev medisinsk kompetanse, og bestemte vedtak i psykisk helsevern må framleis vere knytte til særskilde lovkrav.
Men dette kan ikkje vere eit generelt argument mot at kvalifiserte kliniske spesialistar frå andre profesjonar får større sjølvstendig ansvar. Vi må skilje mellom myndigheit som krev ei bestemt grunnutdanning, og myndigheit som kan byggjast gjennom dokumentert spesialistkompetanse.
Forsvarleg oppgåvedeling krev nasjonale og etterprøvbare kompetanseløp. Det må vere tydeleg kva den enkelte kan avgjere, når andre spesialistar skal involverast, og kven som har ansvar for kva.
Forsvarlegheit handlar ikkje berre om å hindre at personell får oppgåver dei ikkje meistrar. Det handlar òg om å bruke den kompetansen som faktisk finst. Når høgt kvalifisert personell blir halde tilbake av profesjonsgrenser som ikkje tek omsyn til vidare spesialisering, mistar helsevesenet kapasitet.
Grunnutdanninga skal vere fundamentet, ikkje eit livsvarig tak for kva ansvar vi kan kvalifisere oss til.
Vi treng ei offentleg spesialistordning
Helsemyndigheitene bør greie ut ei nasjonal og offentleg forankra spesialistgodkjenning for fleire autoriserte helse- og sosialfaglege profesjonar. Ordninga må knytast til verna titlar, stillingskodar og definerte kliniske ansvarsområde.
Dette skal ikkje erstatte legar og psykologar. Det skal etablere ein truverdig veg frå dokumentert kompetanse til formelt ansvar, slik at tverrfaglegheit blir noko meir enn at fleire profesjonar sit rundt det same bordet.
Vi har ikkje råd til å utdanne kliniske spesialistar som systemet etterpå behandlar som om spesialiseringa deira ikkje eksisterer.
Ingen oppgitte interessekonflikter