KRITISK: Rune Heggedal, overlege ved Volda sjukehus, er kritisk til prosessen knyttet til innføring av Helseplattformen i Helse Midt. Foto: Unni Skoglund
KRITISK: Rune Heggedal, overlege ved Volda sjukehus, er kritisk til prosessen knyttet til innføring av Helseplattformen i Helse Midt. Foto: Unni Skoglund

Helseplattformen styrer Helse Midt på grunn. Kvar er helsestatsråden?

Saka om Helseplattformen er eit eksempel på at føretaksorganiseringa er dysfunksjonell og udemokratisk.

Publisert Sist oppdatert

Striden om Helseplattformen viser mange av dei uheldige sidene ved føretaksorganiseringa. Ansvaret for viktige avgjerder er uklart og vert trykt nedover i makthierarkiet. Helsestatsråden toar hendene og seier at det er Helse Midt som har «sørge for»-ansvaret. Ho har full tillit til det regionale føretaket. Det synest ikkje å gjere stort inntrykk på statsråd eller Helse Midt at helsepersonellet ved St.Olavs Hospital går i kne av meirarbeidet, at pasienttryggleiken er truga og økonomien er i krise. Spørsmålet om vidare innføring av Helseplattformen må avklarast på nasjonalt politisk nivå. Hos regjering og Storting. Fleire har halde opp havariet av «Helge Ingstad» som samanlikningsgrunnlag med omsyn til konsekvens av den feilslåtte millardinvesteringa på nytt datasystem i Helse Midt. Staten må gripe inn og avskrive kostnaden. Og så må vi innføre eit felles nasjonalt journalsystem for alle sjukehusa i Noreg.

Visjonen « Ein innbyggjar, ein journal» for eit samla Helse Noreg var ein godt meint tanke. Men det er ei luftspegling, uoppnåeleg med Helseplattformen. Dei andre regionale helseføretaka vil ikkje innføre eit journalsystem som set pasienttryggleiken i fare, som er tungt å lære seg, tungvint å bruke og som dermed reduserer effektiviteten og kvaliteten i pasientbehandlinga. Fastlegane vil heller ikkje ta i bruk eit lite intuitivt journalsystem som reduserer talet på pasientar som kvar lege kan hjelpe på ein arbeidsdag.

Framstår meiningslaust

Så målet er tapt. Hovudgrunngjevinga for journalprosjektet Helseplattformen er borte. Då framstår det som meiningslaust å drive dette prosjektet vidare. Den økonomiske argumentasjonen er også falsk. Kostnadene med å innføre Helseplattformen vil vise seg langt å overstige dei seks millardane som til no er brukt. Same mengde pasientbehandling i tida framover vil koste langt meir pga auka personalkostnader ved at effektiviteten vert kraftig redusert med eit meir tungvint journalsystem. Dette gjeld i særleg grad for avdelingar som tek i mot pasientar for akutt sjukehushjelp. Dei siste offentlege utgreiingane frå Helsepersonellkommisjonen og Sjukehusutvalet legg vekt på at helsepersonell vert ein kritisk faktor som vi må utnytte best mogeleg m.a ved å ha gode dataløysingar. Helseplattformen går feil veg i så måte.

I Helse Møre og Romsdal driv vi no og bur oss på Helseplattformen med omfattande tidsbruk på kurs og eigenlæring. Det er lite tvil om at vi vil greie å lære oss å bruke Helseplattformen sjølv om det tek uvanleg lang tid, men vi vil aldri bli like effektive som vi er i dag. Og redusert effektivitet betyr redusert pasientbehandling og dermed reduserte inntekter for sjukehusa, aukande behandlingskøar og redusert kvalitet på særleg akutthjelp når arbeidet går seinare. For å kompensere for dette må ein gje ekstraløyvingar dersom ein meinar at folket i Helse Midt sitt nedslagsfelt skal ha det same helsetilbodet som resten av landet.

Dysfunksjonell og udemokratisk

Dei offentlege sjukehusa er kanskje vårt viktigaste felleseige. Saka om Helseplattformen er eit eksempel på at føretaksorganiseringa er dysfunksjonell og udemokratisk. Vesentlege verdival vert ikkje handsama på politisk nivå der dei høyrer heime, men vert avgjort av regionale styre som ikkje står på val. Konsekvensane av Helseplattform-avgjerda som vart teken av det regionale styret, må styret i det lokale føretaket bere fordi det er det lokale helseføretaket som står ansvarleg for pasienttryggleiken. Helsestatsråden som sit på toppen av ansvarspyramiden tek ikkje noko reelt ansvar. Det er symptomatisk for korleis styringssystemet fungerer at statsråden ikkje tek omsyn til saklege analysar frå fagfolk, men berre støttar seg til ufullstendig og glansa informasjon frå RHF nivå.

Eigentleg trur eg alle ansvarlege frå toppnivå til fagfolka som yter helsehjelpa innser at avgjerda om å etablere Helseplattformen på basis av Epiq-løysinga var feil og at vi alle angrar oss. Men det har låst seg fordi ein allereie har brukt så mykje pengar. Massiv og samvitsfull innsats frå hundrevis av IT folk og involverte fagpersonar i Helseplattformen AS og dedikerte opplæringsansvarlege i helseføretaka vil ikkje kunne endre røyndomen. Helseplattformen er eit kostbart, ineffektivt og dermed ueigna journalverkty for spesialisthelsetenesta. Det er berre trist at den offentlege helsetenesta vår er så dårleg organisert at dei som står ved roret kjenner seg forplikta til å gje full gass rett i fjøresteinane sjølv om både GPS og mannskap varslar grunnstøyting. Og admiralen tok ikkje styringa.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS