Det er ikkje nødvendigvis slik at ein spesialist må flytte til ein mindre stad for å kunne gi eit stabilt behandlingstilbod der. I Lærdal legg vi derfor opp til avtaleheimlar som kan gjere det mogleg å kombinere praksis i Lærdal med arbeid andre stader, skriv Asle Kjørlaug.

Avtalespesialistar i framtidas lokalsjukehus

Lokalsjukehusa kan ikkje ha komplette fagmiljø innan alle spesialitetar, men dei kan behandle langt fleire pasientar og romme større fagbreidde enn i dag. Avtalespesialistar kan vere nøkkelen.

Publisert

Norsk spesialisthelseteneste står framfor eit velkjent dilemma. Behovet for helsetenester aukar, samtidig som tilgangen på personell og andre ressursar ikkje kan vekse tilsvarande. Vi kan ikkje byggje og bemanne oss ut av dette.

Det betyr at vi må bruke ressursane vi allereie har, på nye måtar.

Helse Førde meiner avtalespesialistane kan vere ein viktig del av svaret – og at lokalsjukehusa kan vere ein særleg interessant arena.

Vi arbeider no med ein modell der fleire avtalespesialistar blir samlokaliserte ved Lærdal sjukehus. Sjølvstendig næringsdrivande spesialistar kan drive praksis ved eit eksisterande sjukehus og dra nytte av støttefunksjonar som allereie finst der.

Det kan høyrest ut som eit lokalt prosjekt, men vi meiner ideen er større enn Lærdal.

Vi har mykje av det vi treng

Mange norske lokalsjukehus har ein infrastruktur det ville vore både dyrt og krevjande å etablere frå botnen av. Der finst behandlingsrom, laboratorium, støttepersonell og andre funksjonar.

Målet er altså ikkje å fylle ledige rom. Målet er å fylle sjukehuset med relevant pasientbehandling.

Samtidig har helseføretaka utfordringar med å rekruttere faste legespesialistar til lokalsjukehusa.

Her ligg moglegheita: Kva om vi i større grad legg til rette for avtalepraksis ved lokalsjukehusa og nyttar ressursane som allereie finst der?

Helse Vest, som har ansvaret for avtalespesialistordninga, peikar på spesialistsenter med fleire avtalespesialistar som eit mogleg bidrag til effektiv ressursbruk og mindre sårbarheit.

I Lærdal har vi konkrete føresetnader for å prøve dette ut. Difor søker vi no etter spesialistar i gynekologi, fordøyingssjukdommar, urologi, augesjukdommar og øyre-nase-hals, fagområde vi ventar det vil vere behov for i Sogn.

Etter omstillingane ved sjukehuset har vi ledige areal med behandlingsrom. Helse Førde kan i tillegg tilby utleige av støttepersonell.

Vi ønskjer å fylle meir av denne kapasiteten med pasientbehandling.

Spesialisten skal få vere spesialist

For ein lege som vurderer avtalepraksis, er etableringa av eiga verksemd ein vesentleg del av valet. Ein skal ikkje berre vere lege, men også skaffe lokale, organisere drifta og handtere praktiske og administrative oppgåver.

Ved å samlokalisere avtalespesialistar ved eit sjukehus kan vi senke etableringsterskelen. I Lærdal legg Helse Førde til rette for enkle og føreseielege driftsvilkår gjennom utleige av lokale og støttepersonell.

Tanken er enkel: Mest mogleg av tida spesialisten er i Lærdal, skal kunne brukast på det spesialisten er utdanna for – pasientbehandling.

Avtalespesialistar er sjølvstendig næringsdrivande, men samtidig ein del av den offentleg finansierte spesialisthelsetenesta. Dei skal bidra til å løyse det samla oppdraget vårt.

Mange pasientar betyr mykje

Avtalepraksis er innretta mot høg poliklinisk aktivitet. Det er klare forventningar til aktivitet i avtaleheimlane, og spesialisten kan bruke ein stor del av arbeidstida på pasientbehandling.

Det betyr at relativt små fagmiljø kan gi behandling til mange pasientar gjennom året.

For eit lokalsjukehus har det ein verdi som går utover sjølve konsultasjonane. Eit sjukehus blir viktig for befolkninga fordi det blir brukt. Når fleire kjem til Lærdal sjukehus for å møte augelege, gynekolog, urolog, øyre-nase-hals-lege eller andre spesialistar, får fleire eit konkret forhold til sjukehuset som behandlingsstad.

Målet er altså ikkje å fylle ledige rom. Målet er å fylle sjukehuset med relevant pasientbehandling.

Ein annan måte å tenkje distrikt på

Skal vi lukkast med desentraliserte spesialisthelsetenester, må vi også vere realistiske om rekruttering.

Det er ikkje nødvendigvis slik at ein spesialist må flytte til ein mindre stad for å kunne gi eit stabilt behandlingstilbod der. I Lærdal legg vi derfor opp til avtaleheimlar som kan gjere det mogleg å kombinere praksis i Lærdal med arbeid andre stader.

Ein spesialist kan til dømes arbeide konsentrert i Lærdal delar av månaden, utan å måtte flytte dit permanent. Frå Oslo-området er det vel fire timar med bil til Lærdal, og det finst bustadmoglegheiter like ved sjukehuset.

Dette utfordrar kanskje den tradisjonelle førestillinga om kva desentralisering er. Målet må ikkje nødvendigvis vere at all kompetanse skal bu lokalt. Målet må vere at kompetansen er tilgjengeleg for pasientane lokalt.

Breidde utan å byggje nye avdelingar

I Lærdal ser vi mellom anna på avtaleheimlar innan augesjukdommar, gynekologi, fordøyingssjukdommar, urologi og øyre-nase-hals.

Samla kan dei gi lokalsjukehuset ei medisinsk breidde som det elles ville vore vanskeleg å etablere gjennom ordinære sjukehusavdelingar. Samlokalisering kan samtidig gi avtalespesialistane fordelane ved å vere fleire sjølvstendige praksisar på same stad.

Senteret kan utviklast stegvis, med utgangspunkt i behova i befolkninga, ventetider, pasientgrunnlag, rekrutteringsmoglegheiter og den samla kapasiteten i sjukehusa og hos avtalespesialistane. Distriktsbehova skal vektleggjast.

Kan vere ein modell for fleire

Lærdal er ein god stad å utvikle modellen, men ideen er ikkje avgrensa til eitt sjukehus.

Helse Førde ønskjer også å utvikle eit avtalespesialistsenter ved Nordfjord sjukehus. Og føresetnadene modellen byggjer på, finst ved mange lokalsjukehus i Noreg: eksisterande lokale, støttefunksjonar og ei befolkning som har mykje å vinne på at fleire spesialisthelsetenester blir tilgjengelege lokalt.

Den konkrete løysinga må variere. Pasientgrunnlag, ventetider, geografi, eksisterande kapasitet og rekrutteringssituasjon må avgjere kva fag som eignar seg kvar.

Men hovudideen kan vere den same: Lokalsjukehuset legg til rette for avtalepraksis. Avtalespesialistane tilfører kapasitet, aktivitet og fagleg breidde.

Vi veit enno ikkje kor godt modellen vil fungere. Det må erfaringane frå Lærdal og eventuelt andre lokalsjukehus vise.

Men potensialet er stort.

For pasientane kan det bety kortare reiser og fleire spesialisthelsetenester nærare der dei bur. For avtalespesialistane kan det gi enklare og meir føreseielege rammer for å drive praksis i distrikta. Og for lokalsjukehuset kan det bety større fagleg breidde og at langt fleire menneske får behandling innanfor sjukehusveggane.

Eit lokalsjukehus som blir brukt av fleire, blir også viktigare for fleire.

Det er dette vi no ønskjer å prøve ut i Lærdal.

Og til spesialistar som synest kombinasjonen av sjølvstendig praksis, føreseielege driftsvilkår og arbeid i ein del av landet som treng kompetansen deira høyrest interessant ut, er bodskapen enkel:

No opnar vi døra.

Powered by Labrador CMS